Åmås friskule er ein fem-delt barneskule som delvis er fire-delt, og som i skuleåret 24/25 har 50 elevar.
Det er ein gamal skule i eit gamalt skulehus med sjel; krikar og krokar, loft, mørkeloft med lofts-nisse og elles mange kuriositetar. I det heile tatt ein skule av dei sjeldne, og som vi heilt sikkert ikkje finn så mange att av.
Det er ein skule som no ikkje lenger er kommunal, men som vart etablert i privat regi frå hausten -04. Verken foreldre, elevar eller tilsette ville vere med på å legge ned denne skulen, og det vart søkt om etablering av friskule. Svært mange gjorde ein kjempeinnsats i prosessen med oppstartinga av friskule!
Friskulen er no inne i sitt 20.år, og vi er framleis glade for at vi har vår eigen skule!!