Velkomen til
"EIN GOD STAD Å VERE
ER EIN GOD STAD Å LÆRE! "
OG DETTE ER LITT MEIR OM OSS:
* Privat barneskule med 50 elevar i noverande skuleår.
* Driv etter vanleg læreplan; Kunnskapsløftet 2020.
* Små elevgrupper, trygt og godt læringsmiljø.
* Leksehjelp for 3.-7.klasse.
* Frukt, mjølk og yoghurt kvar dag inkludert i skulepengane, som per i dag er
kr. 500 per mnd per elev.
Søskenmoderasjon: søsken nr. 2: 30% = 350 kr. per mnd.
søsken nr. 3: 70% = 150 kr. per mnd.
frå søsken nr. 4: gratis
* Rimeleg, fleksibel og brukarvennleg SFO; sjå nærare info på søknadskjema som ligg
i venstremargen på sida her.
* Symjing for alle trinn; i varmtvassbassenget v/sjukehuset i Volda.
* Eigen minibuss, som lett gjer at vi kan drive aktiv og oppsøkjande undervisning.
SPESIELLE SATSINGSOMRÅDE:
* Innsats mot mobbing
* Sterkt fokus på læringsfremjande arbeid og skuleutvikling, og skulen vidarefører den nasjonale satsinga "Vurdering for læring" & SkoleVFL.
* Ekstra satsing på leseopplæringa m.a. gjennom bruk av "Leseuniverset" og leselærar i små grupper. Vi har også innført SOL (systematisk observasjon av lesing), og jobbar aktivt med RELEMO.
* Fokus på etter-og vidareutdanning av personalet.
* Auka satsing på engelskopplæringa, og dagleg praktisering av språket gjennom "everyday practise".
* Aktiv uteskule for 1.-3.kl.. Ikkje som ein "ut på tur" -uteskule, men ein uteskule som tek i bruk "Det utvida læringsromet"; også på godt norsk kalla "Out of school learning".
* Utvida satsing på fysisk fostring for 5.-7-kl. Spennande, utfordrande, kreativt og allsidig opplegg!
* Aktiv song, musikk-og kulturskule, med felles framsyningar for familie og bygda elles både til sommar og jul.